torsdag, 3. februar 2011

Jippi!

Vi har nokre rykande ferske og veldig gode nyheiter frå Hardanger. Som du sikkert veit, varierer det frå år til år kor lenge juicepressene går, avhengig av avlinga det året. Og i år ser det ut til at det vil vere mogleg å få kjøpt juicen heilt til i mars! Skål for det!

Dette blir den siste oppdateringa frå eplebloggen denne sesongen, så takk for følgjet så langt!

onsdag, 2. februar 2011

Den siste vinnaren denne sesongen blei Hanne Mari!

Det blei Hanne Mari Giske som stakk av med sigeren i januarkåringa, som var den siste i denne omgangen. Hanne Mari sjarmerte juryen med det
humørfylte rimet sitt om familien på tur:

Me treng berre EIN termos no.

og den held jamen til fleire enn to

Før var det eit styr før me sku av stad

for eg ville så gjerne at alt sku bli bra

på turen i skogen ein fin vinterdag

med ungar og vaksne, ein fin flokk i lag.

Men før me var klar var det heile eit kav

det vart berre kaos og fullt opp av krav

”Eg vert berre med om kakao eg får.

Eg tullar ikkje” sa gutungen vår

”Og husk eg er gamal” sa svigermor mi

”Du må laga kaffe når eg går på ski”

Og svigerfar ville jo heller ha te

”Det e vel`kje vanskeleg å ta med seg det”

”Cappucino e tingen det må du forstå!”

sa gubben te meg når me nett skulle gå

Eg kokte på kaffe, kakao og te

og pakka ned termos på termos og kle

Før turen var begynt
 var eg sliten og trøtt

så eg begynte å tenka
”E eg verkeleg nødt?”

te å stressa med all dette styret her

nei no veit eg jamen ka eg ska gjer

Te neste tur va planen klar

gubben, gutungen, svigermor og far

fekk ikkje meir velja ka me tok med

for Sunniva eplejuice e betre enn te

og betre enn kaffe og kakaoen vår

Ka ska me med Cappucino når me kan ta ein tår

med den beste juicen i dette land

og alle sa : “Du e ikkje sann!”

Så me treng berre EIN termos no

eller det vil sei; Me treng minst to

men det tar ikkje lange tid å ordne det te

for Sunniva eplejuice vil alle ha med!

mandag, 31. januar 2011

Siste sjanse til å seie di meining!

Dette er siste månaden eplebloggen er på lufta, så no gjeld det å ikkje brenne inne med meiningar, men sende meininga di til oss! Då kan du bli den siste vinnaren av Sei di meining og 10 000 kroner i denne omgangen!