Arkiv for november, 2010
tirsdag, 30. november 2010
I glaset
Som mange av dykk har vore inne på i konkurransen vår ”Sei di meining”, eignar eplejuicen seg ypparleg som eit alternativ til alkohol. Kanskje noko å ha i bakhovudet i desse glade julebordsdagar? Eplejuice gjer seg godt i vinglas, berre sjå!
fredag, 26. november 2010
10 år og like søt!
Vi er stadig i juicerus i samband med 10-årsjubileet til Eplejuice frå Hardanger! Difor har me lyst til å feira med eit gjensyn med denne trivelege filmen, som stort og smått i Hardanger var med og bidrog til i si tid! Det er reint så ein kan kjenne juicesmaken når ein ser filmen!
mandag, 22. november 2010
Hardangernissebrygg
Vi har fått inn ei oppskrift i ”Sei di meining”-konkurransen vår som høyrdest så spennande ut at vi straks måtte prøve. Oppskrifta er ein del av eit eventyr av Baard André Lindquist, og for å seie det slik, så angra vi ikkje på at vi prøvde oppskrifta!