torsdag, 20. januar 2011
Tid for tur
Januar er tid for tur for oss i eplebloggen! Og anten vi går langt eller kort, på beina eller til fots, akar eller går på skøyter, gjeld det å ha provianten i orden.
Det overraskar deg kanskje ikkje at oppskriftene våre er baserte på … nettopp, eple?
Bålbakt eple
Ein herleg og lun liten rett som smakar ekstra godt ute rundt bålet!
Du treng:
eple
smør
sukker
rosiner
aluminiumsfolie
Slik gjer du:
Skjer av toppen på eplet og ta ut kjernen. Så fyller du det med ei blanding av kanel, sukker, rosiner og litt smør.
Til slutt set du lokket tilbake på plass, har litt smør utanpå og pakkar eplet inn i aluminiumsfolie. Legg eplet i glørne på bålet i ti minutts tid og nyt!
Smakar ekstra godt med vaniljekesam til! Hugs i så fall skei i sekken.
PS: Ein annan fyllvariant til det bålbakte eplet kan vere kokesjokolade og banan.
Tørka epleskiver
Desse tørka godbitane eignar seg perfekt til rasteknask!
Du treng:
eple
steikjeomn
Slik gjer du:
Fjern kjernehuset, skjer epla i passelege skiver og legg dei over ei rist i steikjeomnen ved 70 grader i ein times tid.
Eplebåtar
Du treng:
eple
sukker
kanel
Dette er ein endå enklare variant som du lagar på ein, to, tre:
Skjer eple i båtar, ha på kanel og sukker og ha det i ein boks. Enkelt og veldig godt!
Riktig god tur!

