torsdag, 30. desember 2010

Godt nytt år!

Stjerneskudd

No er nyttårsfeiringa rett rundt hjørnet her i eplebloggen!

Skal du lage nyttårskalkun slik som oss, har vi eit heitt tips:

Fyll kalkunen med om lag ein kvart kilo svisker og rundt fire eple i båtar før du steikjer han, så er du garantert eit saftig resultat!

Og anten du skal ha kalkun eller ikkje, minner vi om at eplejuicen vår passar godt til dei aller fleste matretter (lenkje til ”I glaset”) og kan anbefalast som eit alternativ til vin.

Uansett meny og kva du har i glaset, ønskjer vi deg ei sprakande god nyttårsfeiring!

Følg med på nyåret for kåringa av desembervinnaren av Sei di meining, og ikkje minst januartevlinga av Sei di meining, der vinnaren blir kåra i slutten av januar!

torsdag, 23. desember 2010

God jul!

Epler, granbar og kongler

Juleroa er i ferd med å senke seg her i eplebloggen, vi knaskar glaserte juleeple og hyggjer oss med Hardangernissebrygg mens vi ser ut over dei snødekte epletrea. Livet er herleg for den som er glad i eple!

Takk til alle som har følgt bloggen vår denne hausten, vi ønskjer dykk alle ei fortreffeleg julefeiring! Berre hugs å sende inn di meining før du tek ferie, så kan det vere du som stikk av med premien på 10 000 kroner.

Vi snakkast på nyåret, då dreg vi i gang den siste månaden med Sei di meining!

mandag, 20. desember 2010

Glugg – varm eplejuice med hestekreftar

Begynner du å bli forsynt med gløgg?

Her er ein alternativ oppskrift med garantera jolestemning! Og så god at me rett og slett har kalla han Glugg.

Du treng:

1 l eplejuice frå Hardanger

5 nellikspiker

1 kanelstong

5 hele kardemommefrø

1 vaniljestong

2 stilker sitrongress eller 1 lime

2 dl vodka

Slik gjer du:

Ha eplejuicen og krydderet i ei kjele. Kok opp, skru ned varmen og la det trekke i ca 15 minutt. Vodkaen har du heilt til slutt, rett før servering.